Vitor Barreto ny Head of Performance

Vitor Barreto (31) tek til i rolla som Head of Performance i Sogndal Fotball frå 31. januar.

Stillinga som Head of Performance er nyoppretta og skal vere med å styrkje kvardagen rundt spelartroppen gjennom heile sesongen. 

Vitor Barreto kjem frå stillinga som Strength & Conditioning coach i União de Leiria. Klubben er ein historisk aktør i portugisisk fotball, med 18 sesongar på øvste nivå, og spelar i dag på nivå to i Portugal. Barreto har solid fagleg ballast, med fem år universitetsutdanning innan idrettsvitskap – inkludert Bachelor (BSc) i Sports Science og Master (MSc) i Sports Training. 

Tilsetjinga er ein del av det vidare arbeidet med å utvikle laget og støtteapparatet rundt spelarane. Hovudtrenar Luis Pimenta seier dette om bakgrunnen for tilsetjinga: 

– Då me evaluerte fjorårssesongen, såg me at eitt av områda der me har mest å hente er prestasjon i veker med tre kampar. Difor ønskte me å løfte kvaliteten på både fysisk førebuing og restitusjon. Med ein Head of Performance får me tettare oppfølging av kvar enkelt spelar, og eit betre utgangspunkt for å prestere i slike periodar, som faktisk utgjer over 40 prosent av sesongen. 

Sogndal Fotball har hatt ein grundig prosess rundt tilsetjinga av ny Head of Performance. Klubben jobba med ei brei kandidatliste, og etter ein første runde med samtalar vart nærare 15 kandidatar kalla inn til intervju. Desse representerte erfaring frå fem ulike land og fire ulike nasjonalitetar.

Valet fall til slutt på Vitor Barreto, og Luis og resten av teamet er svært nøgde med å få han med på laget: 

– Vitor har vist mykje kunnskap og god struktur gjennom prosessen, samstundes som han har vore audmjuk og lærevillig der han har hatt mindre erfaring. Det er akkurat dette me har leita etter – tryggleik i rolla og ein sterk vilje til å utvikle både seg sjølv og laget. Eg er heilt sikker på at dette blir ein veldig god match for støtteapparatet vårt, både fagleg og menneskeleg. Allereie på treningsleiren får me ei god moglegheit til å samkøyre oss. 

Med tilsetjinga av Barreto styrkjer Sogndal det faglege miljøet ytterlegare, og klubben ser fram til å dra nytte av både den internasjonale erfaringa hans og det sterke akademiske fundamentet i det vidare arbeidet med spelarutvikling og prestasjon. 

Me ønskjer Vitor Barreto hjarteleg velkomen til Sogndal Fotball! 

Vitor sluttar seg til laget når dei kjem til treningsleir i Spania 31. januar. 

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: