Bli frivillig
Gjennom alle år har dei frivillige gjort ein strålande jobb for Sogndal Fotball, og veldig mange har vore med i ei årrekkje. Sogndal Fotball treng fleire frivillige til heimekampane på Fosshaugane – og me håpar DU vil bli med.
Vil du vere med og skape kampdag?
Det er mange forskjellige og spennande oppgåver å gjere på Fosshaugane Campus, og me er alltid ute etter flinke folk som kan bidra saman med oss.
Som frivillig får du:
- vere tett på kampdag og klubben
- bli del av eit sosialt og inkluderande fellesskap
- oppleve stemninga frå innsida
- bidra til lokalsamfunnet og klubben du bryr deg om
- verdifull erfaring og mykje glede
- klubbrabatt Sogndalbui
- invitasjon til fellesreise bortekamp ila. sesongen
- invitasjon til sesongavslutning
Utan frivillige – ingen kamp. Bli med på laget også utan ball!
Det er Sogndal i våre hjerter, Det er Sogndal, det er Sogndal som gir oss mål, Det er Sogndal som er laget som vi følger kor dei går, Kjempar hardt i kvitt og svart, vi elskar Sogndal
— Eit folk står samla
Ta kontakt med Andreas Nydal om du ønskjer å bli frivillig, eller om du vil vite meir om kva me kan tilby frivillige. Me set pris på alle bidrag!
Håpar me sjåast på Fosshaugane Campus!
STAO NO PAO!
Under har me lista opp dei ulike funksjonane me treng hjelp med.
Vakt/Vert
Som vakt på våre heimekampar blir du ein del av ei større vaktgruppe som har ansvar for tryggleik og publikumskontroll på stadion. Dette er ei sosial og kjekk oppgåve som gir deg moglegheit til å oppleve kampane frå innsida av arrangementet.
Nokre av oppgåvene går ut på å sørgje for at publikum ikkje tek seg inn i teknisk område eller ut på bana.
Vaktgruppa blir delt i to lag som jobbar annankvar heimekamp. Er du ekstra engasjert, er du sjølvsagt velkomen til å stille på alle heimekampane om du ønskjer det.
Billettør
Som billettør sit du i billettluka og er førsteinntrykket for alle som kjem på stadion for å sjå kamp. Her møter du publikum, svarar på spørsmål og hjelper dei med billettkjøp gjennom Sogndal Fotball sitt billettsystem, TicketCo.
Denne oppgåva passar perfekt for deg som er utadvendt og likar å vere sosial. Eit godt humør og eit smil på lur kjem også godt med!
Kiosk
Me treng alltid flinke hjelparar i kioskane på stadion. Her kan det bli travelt, så det gjeld å ha tunga rett i munnen når mange vil ha kaffi, vaflar eller kanskje ein Sprudlande Eple frå Lerum i pausen.
I kiosken møter du mange menneske i løpet av ein kamp, og for deg som likar sal og kundekontakt, er dette ei perfekt oppgåve.
Storskjerm
Dette er oppgåva for deg som har interesse for teknikk og kontroll på både lyd og bilete. Her jobbar du med styring av storskjerm, grafikk, digitale LED-banner og andre tekniske løysingar under kampane.
Arbeidet er variert og krev at du held hovudet kaldt også når tempoet aukar. Det er kanskje den artigaste, men òg ein av dei mest utfordrande jobbane på Fosshaugane Campus.
Alle som ønskjer å jobbe i kontrollrommet får grunnleggjande opplæring i forkant av kamp.
