Storsiger i Valdres Storhall!

Det løysna skikkeleg framover og måltavla viste 1-5 når dommaren blas i fløyta for siste gong mot Raufoss!

Det vart ein flott treningskamp og ei positiv oppleving mot Raufoss på Fagernes i dag. Kampen i Valdres Storhall enda med 5-1-siger etter scoringar frå Erik Hovden Flataker, Per-Egil Flo og Viljar Stavø.

Det vart ein flott start på kampen for våre gutar. Felix Eriksson vann ballen høgt i bana etter ein god jobb i presspelet og tok med seg Erik Flataker. Han fann Oliver Hintsa som med ein elegant flikk spelte Erik gjennom åleine med keeper. Der var spissen vår sikker og sendte oss opp til 1-0!

Ein omgang med mange sjansar til begge lag skulle få endå ei scoring av høg klasse. Lars Jendal satte i gang spelet i vår bakre firar, og til tross for høgt press spelte me oss fint ut gjennom midtbana med Martin Høyland og Kristoffer Haukås Steinset. Deretter fossa Andreas Hoven oppover høgresida og tok med seg Edmund Baidoo ute på kanten. Erik Flataker fekk ballen sentralt og fann Kristoffer Steinset på løp mot dødlinja. Han fann til slutt Per-Egil Flo på bakre stolpe som satte ballen i ope mål. Eit angrep tatt rett ut i frå læreboka og fortent 2-0-leiing til pause!

Etter pause var det Raufoss som kom best i gang. Etter 58 minutt kom reduseringa på straffespark, og det var ny spenning i kampen. Heldigvis var det mykje mål igjen i karadn i dag.

Edmund Baidoo skapte mykje problem for Raufoss i dag og kort tid etter 2-1 var det nære på igjen. Eit flott dribleraid på høgresida fann til slutt Erik Flataker som runda keeper og fekk avslutta. På streken venta ein Raufoss-spelar som fekk avverga i siste sekund, men Baidoo og Flataker var ikkje ferdige der. Etter 77 minutt spelt kom Baidoo nok ein gong oppover høgresida. Etter å ha dribla vekk forsvaret fekk han avslutta på mål. Keeper måtte gi retur, og i boksen venta målsniken Flataker og stanga inn sitt andre for dagen! 3-1, og no gjekk det fort.

Berre 2 minutt seinare kom det neste målet, og det var kaptein Per-Egil Flo som også vart tomålsscorar. Ein corner frå høgre vart stanga mot mål frå Daniel Arrocha. Keeper måtte nok ein gong gi retur, og ballen landa i beina til rutinerte Flo. Då vart det ein enkel jobb å få ballen i mål og det stod 1-4 på måltavla i Valdres Storhall.

Med 5 minutt igjen av kampen kom vår femte scoring for dagen. Isaac Twum og Per-Egil Flo spelte seg fri på venstresida. Sistnemnde banka ballen inn i boksen, og der venta sogndølen Viljar Stavø som satte inn sitt fyrste mål for Sogndal! Ungguten fødd i 2006 har bøtta inn mål for både NG19 og Sogndal 2, og no kom det fyrste målet for A-laget!

Kampen blei til slutt ein skikkeleg opptur og ga gode svar to veker før seriestart. 5 mål scora av spelarar frå fylket og flott angrepsfotball lovar godt for dei kommande kampane. No er det berre generalprøva mot Brann som ventar før seriestarten på Intility!

Kjøp billett til kampen mot Brann her!

Meld deg på tur til Oslo og 1. serierunde mot Vålerenga her!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: