Før kamp: Sogndal - Kristiansund

Endeleg kjem Kristiansund på besøk og me går for ein ny siger!

  • Runde 17, OBOS-ligaen 2023
  • Sogndal - Kristiansund
  • Fosshaugane Campus
  • Avspark onsdag 4. oktober klokka 18:00

Kampen som skulle vore spelt 9. august skal endeleg spelast, og no er me klare. Det vart ein fin start på veka etter at me tok me oss 3 poeng heim frå Grimstad. Den gode energien skal me bruka allereie på onsdag. Karadn hadde ei roleg trening på feltet i dag, og ladar opp krefter. Ein kunne sjå mange smil og god stemning. Denne sigeren gjorde godt!

I videoen under kan du høyra kva Tore André sa etter dagens trening:


K P
5 Aalesund 22 35
6 Sogndal 22 35
7 Egersund 22 33
8 Ranheim TF 22 32

Sigeren gjorde også at me klarta forbi nettopp Kristiansund på tabellen. Med 38 poeng ligg me no på ein 5. plass. Kristiansund har 35 poeng på 6. plass, men det er mange lag rett utanfor kvalifiseringa som kan snike seg forbi. På dei 4 siste kampane har Kristiansund spelt tre uavgjort før dei tapte mot KFUM Oslo i førre kamp. Det blir ein tøff kamp om poenga på onsdag, og me må vera klare. 

Meir informasjon om billettar finn du i denne saka

Høyr kva Bolli fortel her:


Det blir ein spennande kamp i haustmørket på Fosshaugadn. Me håpar å sjå deg på tribuna på onsdag!

STAO NO PAO!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: